Avslutta vårsesongen med 3 poeng mot Telavåg

A-laget spela siste kamp før sommarpausen 19. juni heime mot Telavåg. Det var folksomt på tribunen og kiosk til stade. I fyrste omgang dominerte heimelaget med godt etablert banespel medan begge lag hadde nokre målsjansar. Etter 18 minuttar noterte Anders Botnen seg for dagens første skåring etter eit innlegg frå kanten. Telavåg hadde ein tydeleg kampplan med lange ballar opp mot spissen, og dei reduserte tre minutt seinare. Begge lag hadde fleire store sjansar utan å lykkast, men heldigvis kom kvemmingen Samuel Skåre aleine med keeper etter 35 minuttar. Han lobba ballen over keeper og inn i mål – ein kandidat til høgaste lobb nokon gong på Øystese Idrettsplass! Pauseresultat 2-1.

I andre omgang endra kampen karakter frå å vera ein fin fotballkamp til å bli ein krigekamp med fleire gule kort og stopp i spelet. Telavåg heldt fram med lange ballar, medan forsvarsrekka til Øystese/Norheimsund stod imot. I det 80. minutt kom 2006-modellen Are Tvedterås Fagervik inn på banen, og fem minutt seinare auka han leiinga til 3-1 frå skrått hald. Dette vart sluttresultatet.

Ved halvspelt sesong ligg A-laget på 4. plass i 5. divisjon avdeling 02 med 17 poeng. Det er 6 poeng opp til Nest Sotra på 1. plass, som laget møter 16.08.24 på Øystese Idrettsplass. Internt i laget er Anders Botnen toppskårar med 8 mål, og Samuel Skåre på 2. plass med 6 mål.

Til hausten vert det ein del utskiftingar grunna 2005-kullet skal i militæret eller studera. Klubben ynskjer å takka for innsatsen, og vonar å sjå alle igjen på banen ved seinare høve. Dersom du har evnene som skal til for å styrka lokalfotballen i Kvam, ta kontakt med hovudtrenar Denis på messenger.

Forrige
Forrige

Referat frå Lerum Cup

Neste
Neste

Sparebanken Vest sponsar