Referat frå Lerum Cup

Tradisjon tru var fleire lag frå Norheimsund og Øystese på Lerum Cup helga 21.-24.juni. Laga hevda seg godt og hadde det kjekt både på og utanfor banen. Laga budde samla i Sogndal, og spelte kampar mellom anna i Sogndal, Hafslo, Kaupanger og Gaupne.

Ekstra kjekt for klubben var tilbakemelding til G12 frå ein dommar:

“………..Norheimsund heilt fantastiske å ha med å gjera. Ingen klaging og syting verken frå trenarar, spelarar eller foreldre. Gutane hadde kun fokus på å spela fotball, og sjølv om det tildels var noko stygt spel frå motstandar, heldt dei seg til det dei skulle, og konsentrerte seg om seg sjølv……..”

Dette er viktig for både klubben og spelarane, og særleg viktig når me er på tur. God oppførsel, respekt og fair-play er viktig fundament i klubben. Godt jobba!

Les også kva Hordaland Folkeblad skriv om laga våre på Lerum Cup:

https://www.hf.no/sport/fotballcup-vart-suksess/

Forrige
Forrige

Fin helg i Eidfjord

Neste
Neste

Avslutta vårsesongen med 3 poeng mot Telavåg